Då fristen gjekk ut, viste det seg nok ein gong at utdanningane som «Norges grønne fagskole – Vea» tilbyr, er veldig populære.
Me er absolutt inne i ei grøn bølgje, seier Grethe Bøhn Busterud som meiner at denne bølgja kjem til å verta lang, samfunnsnyttig og god.
Grøn fagleg kompetanse, saman med anleggsfag, vert stadig meir ettertrakta, noko Vea merkjer godt om dagen. Det vil til saman verta behandla 603 søknader til ulike studium på Vea denne våren. Dette er ei stor auke sidan 2021 og eit tydeleg teikn på at interessa og behovet for fagskulekompetanse er sterkt aukande. Vea er kjende for å ha attraktive studietilbod og for å tilby studium med høg fagleg kvalitet. Me skal tilby utdanning som bransjen treng og etterspør, og dei høge søkjartala tydar på at me lykkast med å tilby relevante og ettertrakta studium, seier Anne Hagen Bakken som er leiar for fagskuleavdelinga på Vea.
Det er sterke føringar frå regjeringa for å satse på høgare yrkesfagleg utdanning. Det er eit klart krav at me i fagskulen skal ha nær kontakt med yrkesfelta og tilby fleksibel utdanning. Ved å tilby nettbaserte utdanningar med samlingar gjev me studentane moglegheit til å jobbe ved sidan av at dei tar kompetanseheving, seier Bakken.
Blant dei studietilboda som er mest populære i år, er Veas nye utdanningstilbod innan «Interiør – med fokus på gjenbruk og redesign». «Grønn helse», som ble utvida frå 30 til 60 studiepoeng hausten 2021, er og ei populær utdanning som mange har ynskja å gå på jamfør søkjartala. «Grøntanleggsforvaltning» inklusive «Hageplanlegging» er alltid ei populær utdanning og anleggsfaga med «Anleggsledelse» og «Ledelse i maskinentreprenørfaget» er studium som bransjen tydeleg etterspør.
I tillegg til fagskulestudium tilbyr Vea også vidaregåande utdanning for vaksne i Gartner- og blomsterdekoratørfaget. Desse hadde søknadsfrist 15.mars og skulen tok i mot ein stor søknadsbunke også for desse utdanningane. Her har dei som har blitt tilbydt plass, gitt tilbakemelding på om dei tek plassen. Det er lange ventelister, så det vil ikkje verta lagt ut ledige plassar å søkje på.
Har du søkt og lurer på om du får plass?
Dei som har søkt studieplass, får svar på søknad den 20. mai. Svarfristen er 27. mai og du mistar plassen dersom du ikkje svara innan fristen.
Restplassar
Skal du søkje på eventuelle ledige studieplassar, blir desse lagt ut den 24. mai på Samordna opptak. Frå 25. mai kl. 09.00 kan du søkje på desse plassane. Me anbefaler at dei som er interessert finn fram alt av vitnemål og attester til denne datoen og sit klare for å søkje.
Det er fortløpande opptak til dei ledige plassane. Det vil seie at du må søkje så raskt som mogleg frå dette tidspunktet. Dersom det er fleire søkjarar enn ledige studieplassar, vil ikkje alle få tilbod om studieplass. Det er dei første som har søkt og er kvalifisert som får tilbod.
Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamleg, og det kan kome nye studium på lista etter 25. mai.
For å bli teken opp til ein ledig studieplass på ein fagskule må du:
- dekje opptakskrava, eventuelt realkompetansevurderast
- ha rett dokumentasjon klar til å lastas opp
Godt nøgd med søkjartal i 2022
Nasjonalt sett så er det ein liten nedgang på interessa for fagskuleutdanning.
På Vea er vi godt nøgd med søkjartal og interessa for våre utdanningar dette året og, seier Anne Hagen Bakken.
Tekst: Grethe Bøhn Busterud og Anne Hagen Bakken
Foto: Anne Stine Solberg
Restplassar til høgare yrkesfagleg utdanning vert lagde ut 24.mai 2022 på Samordna opptak